Nye honorarsatsar
Publisert 27.02.2020
Etter at forhandlingane mellom Creo (Forbundet for kunst og kultur) og KS om å opprette lønnsavtalar for utøvarar som jobbar for Den kulturelle skulesekken (DKS) ikkje førte fram, har partane no blitt samde om å oppjustere honorarsatsane for oppdragstakarar i DKS.
Frå 1. august blir honorarsatsen oppjustert til 5016 kroner per formidlingsdag, noko som er ein auke på åtte prosent. Møter og prøver eller preproduksjonsarbeid skal honorerast med 697 kroner per time. Creo forhandla med KS før jul med mål om å oppnå ein lønnsavtale for DKS-utøvarar, men forhandlinga første ikkje fram til nokon avtale.